Ho kjem nesten kvar veke, og pressar meg viljelaus ned i sofaer og lenestolar. Tving meg til å liggje virkelaus og berre nyte tilvera. Held meg i sjakk time etter time. Eg møter ho som ein grublande og usikker mann. Ein mann med eit ønske om å vere merkt av ei rettkomen kjensle av eige verd, og veit ikkje om eg fortenar ho. Nokre veker hentar ho fram det verste i meg, andre det beste. Om nokre år vil eg truleg framleis liggje her på sofaen omgjeven av helga. Søkket i setet som ræva mi har gravi under hennar tyngde dei siste åra vil vere djupare, men på same staden og av same forma. Alt ved det gamle. Åra rullar på i sitt krinslaup mot avgrunna, og lar meg gjere eg alltid gjer.
Men noko skulle ha komi. Noko skulle ha vore på veg. Tida skulle hatt noko pakka og klart for oss, like sikkert som at helga kjem. Eit eller anna som kunne ta fatt og tvinge alt inn i rette forma. Utan nåde og medynk. Bøye det som må bøyast og bryte av det me ikkje treng.
Kvifor blir me snyttt for frelsa vår? Kvifor er me så kraftlause og utan sjel, at me ikkje maktar la rettferda vege opp for vondskapen? Stundom er det som om hovudet rister sund og buken vrengast.
Kvifor? Eg berre spyr.